«Håp for Midtøsten» er Åpne Dørers langsiktige kampanje for Irak og Syria. Saman med Middle East Consern og lokale kyrkjer bringer Åpne Dører håp til kristne i desse krigsherja landa. I dette programmet deler Olaug Lillian Bjørke nokre glimt frå denne kampanjen. Du får blant anna møte 19 år gamle Yousif frå Irak. Han måtte flykte for livet då IS inntok heimbyen hans i 2014. No er han og familien tilbake i Qaraqosh, der dei forsøker å gjenoppbygge både heim og liv. Takka vere støtta dei har motteke, kjenner Yousif på håp midt i det håplause: «Vi fortel kvarandre at vi skal bygge opp igjen denne byen. Vi skal snu denne vanskelege situasjonen til noko godt.  Vi har ikkje mista trua. For meg personleg har trua blitt sterkare.» I Syria er fleire kyrkjer blitt «Senter for håp». Ein pastor uttrykkjer det slik: «Vi er overbevist om at vi skal bli verande i Syria, som ambassadørar for himmelen. Og kampen vi står i, er dette: At vi skal spreie himmelske verdiar, Jesus Kristus sine verdiar. Så istadenfor hemn, tilgjeving. Istadenfor hat, kjærleik. Istadenfor å drepe, gi liv. Menneska treng ein Frelsar. Kven andre kan fortelje dei om Frelsaren enn vi som tilhøyer Guds menigheit?»  I programmet får du elles høyre Ingebjørg Bratland synge: «Kom, Jesus, lys din fred på jord.»

Veke 42: Håp for Midtøsten