Nyleg gav Samlaget ut ein ny barnebibel skrive av Alf Kjetil Walgermo. I boka gjenfortel Walgermo ei rekke av dei fine og spanande historiene frå Bibelen, der han startar med skapelsen og har prøvd å ta med den raude tråden gjennom Bibelen som er kjend for mange. Han har fått med seg Anna Fiske til å illustrere historiene.

Søndag 2. oktober blir det høgtlesing frå den nye barnebibelen av Alf Kjetil Walgermo i Spjelkavik kyrkje, og han håpar at mange barnefamilier tek turen for å høyre på.

Radio Sunnmøre har tatt ein prat med Walgermo om den nye boka.