Denne hausten har Åpne Dører fokus på dei som er i fangenskap for si tru. Dette er temaet både for fakkeltoga og Søndag for forfulgte, som vert markert no i november. I dette programmet har Olaug Lillian Bjørke med seg Joakim Solbakken som gjest i studio. Han jobbar i NKSS Laget i Møre og Romsdal, og under fakkeltoget i Ålesund var det Joakim som heldt appellen. Der inspirerte han verkeleg til å stå saman med forfulgte kristne, og noko av dette vert vidareformidla i dagens program. Særleg har Joakim fokus på forbønstenesta for forfulgte kristne. «Våre bøner kan gi fred midt i ufreden, og trøst midt i sorga. Gjennom forbøn kan Gud helbrede hjerter og smerter til våre forfulgte søsken. For det er berre Han som kan gi fred midt i forverrelsen og skuffelsen. Gud kan gi glede og fred, sjølv når det kan verke som om det vonde skal vinne», seier ein engasjert Joakim Solbakken. Til slutt i programmet får vi høyre «Kjære Gud, når eg bed» med ‘Sanger fra bedehusland’.