#Ikkegreit er namnet på kampanjen som Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet) og ung.no starta i november. Den handlar om at det ikkje er greit å dele nakenbilete, ein bevisstgjering blant barn og unge om kva som er greit og ikkje.

#ikkegreit er ein kampanje som rettar fokus mot overgrep og krenkingar blant unge. Årets tema er nakenbileter, og på ung.no/ikkegreit finn du info om GIFs, artiklar og filmar om temaet.

I kampanjen er det brukt to youtubarar som er kjende blant unge, og som tek opp det alvorlege temaet på ein grei og forståeleg måte.

I vekas intervju med Kjellaug Tonheim Tønnesen i Barnevakten får du meir om dette HER.