Helga 18. -21. april arrangerer Plussreiser Israelskonferanse på Storefjell Restort Hotell på Golsfjellet. Foredrag, panelsamtale og bibelundervisning med fleire kjende namn på plakaten fyller programmet, og i tillegg mykje song og musikk. Gordon Tobiassen skal halde bibelundervisninga og vi har tatt ein prat med han om kva som vil stå i fokus. Emilia Lindberg er ein av fleire som skal delta med musikk og vi fekk ein smakebit av det i intervjuet. Aud Kindervåg Halsne, leiar for Plussreiser, fortel til Radio Sunnmøre at det er viktig med ei slik konferanse no og at det allereie er mange påmeldt til helga. Dersom det er fleire som ynskjer å vere med er det viktig at ein melder seg på innan 18. mars.

Høyr heile intervjuet med Aud Kindervåg Halsne, Gordon Tobiassen og Emilia Lindberg.