Over fem dagar i desember inviterer Randi Fagerhol Lauvås og Arild Ove Halås barnehagar og skuleklasser på Emblem og Flisnes til eigen innkøyrsel for å høyre juleevangeliet. Då ekteparet sende ut invitasjon til barnehagar og skular i nærområdet var responsen overveldande. Heile 17 klasser og barnehagegrupper takka ja og det utgjer 370 born pluss dei vaksne.

Ideen til arrangementet starta for eit par år tilbake. Og til jula i fjor laga ekteparet eit stort bilete av stallen, gjeterane, dei tre kongane og ei lysande Betlehemstjerne, som idag heng synleg på garasjeveggen deira. Dette biletet har vore til stor glede for mange forbipasserande i byggefeltet på Flisneset. I år tok dei steget vidare og sende altså ein invitasjon til barnehagar og skular i nærområdet for å fortelje juleevangeliet tilhøyrande biletet til dei som ville kome.

Randi Fagerhol Lauvås har sjølv arbeidd 27 år i barnehage, og kjenner godt til det å formidle til born. Borna har i forkant øvd på eit par julesongar dei syng både når dei kjem og før dei reiser frå arrangementet.

Rundt bålpanna får borna utdelt både kakao og boller som frivillege frå Emblem bedehusforsamling har laga, og som dei er med og deler ut desse fem dagane.

Høyr intervjuet med Randi Fagerhol Lauvås, songen borna syng og litt av det Randi fortel til biletet.