-Jula er ikkje det same i Japan, som i Noreg, fortel Karoline Skjong Bergersen. Ho er opprinneleg frå Ellingsøya, men no bur ho i Japan saman med ektemannen Marius og borna. Dei er ute som misjonærar for Misjonssambandet i sin andre periode.

I Japan blir julafta meir som nyttårsafta i Noreg. Har ein kjærast går ein på date på julafta, kanskje har ein ei god kake og bestiller seg noko fritert kylling. Og borna får ofte gåver frå julenissen.

I kyrkja, der familien Bergersen arbeidar, har dei både adventstid og julefeiring. Elles i Japan har Jesus liten plass i Japan.

Vi har tatt ein ny prat med Karoline Skjong Bergersen for å høyre om både adventstida og jula i Japan.