Eli Grøtta Giske. Foto_Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

Eli Grøtta Giske. Foto_Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

– Jesus og trua er ein grunnvoll i livet mitt. Den store overskrifta i livet mitt, det er å få kvile i Jesu hand, fortel Eli Grøtta Giske. Denne veka er ho gjest i serien Tru i Kvardagen – Tru i Livet. Vi har prata med henne om utfordringa i truslivet, og kva som styrker henne i truslivet. Og ikkje minst om korleis ho lev med den kristne trua.

Utfordrande

Eli Grøtta Giske blir spurt om kva ho synest er utfordrane i den kristne trua.

– Eg greier ikkje å tru at Gud har ein plan med alt det som er trasig, seier Eli Grøtta Giske.

– Det blir sagt at Gud kan snu det vonde til det gode, men det trur eg tek tid å sjå. Så akkurat dette synest eg er svært utfordrande som kristen, legg Eli Grøtta Giske til.

Påfyll

På fritida driv Grøtta Giske eit tilbod med fysiopilates på Giske, til arbeid er ho fysioterapeut. Sidan kvardagen ofte er travel, så set Grøtta Giske stor pris på nokre gongar i året å reise på retreat.

– Eg kjenner meg styrka i trua etter eit opphald på retreat. Eg kjenner etter å ha kome tilbake at det har gjort meg godt, fortel Grøtta Giske.

Barnekor på Giske

Sidan 1993 har Eli Grøtta Giske vore med å drive barnekor på Giske, i Giske kommune. Dette ser ho på som eit svært viktig arbeid.

– Eg blir så glad, eg blir ofte så rørt. Dei syng av hjartens fryd, og det det er så inspirerande. Dei bygg meg verkeleg opp, seier Grøtta Giske.