Politiets nettpatruljer får stadig fleire tips om deling av valdsvideoar blant unge. Dette er ein trend som Kripos ynskjer å snu, og har dermed lansert eit nytt undervisningsopplegg for ungdomstrinnet.

I 2022 har 30 prosent sett planlegging av slåssing eller slåsskampar. Andelen er høgast blant gutar i ungdomsskulen (37 prosent). 19 prosent har sett dette fleire gongar. Det viser tal frå Medietilsynet. 

Vi har tatt ein prat med fagleg leiar i Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen, for å høyre meir om undervisningsopplegget til Kriops, og om kor aktuelt dette faktisk er.