På siste samling før Noreg vart nedstengt igjen rett før påske, så var det 40 unge som kom på 7eren på Ellingsøya. Annakvar fredag er det 7eren for dei i alderen 5. -7. klasse, og det har i koronaåret vore svært populært.

Leiar Olaug Lillian Bjørke fortel at det har vore utfordrande med dei ulike restriksjonane i forhold til korona, men opplever det som at dei unge som har kome set pris på denne kristne aktiviteten. Det har og kome nye born gjennom året, og sjølv om det er ekstra arbeid både med å forholde seg til nye restriksjonar i tide og utide, så fortel Bjørke at det er verd det ekstra arbeidet om ein kan få møtast i kristent barne -og ungdomsarbeid. 

Håpet for Bjørke er at det no opnast opp att så ein kan få ha eit par samlingar til før ein tek sommarferie.