På Ulvesund fyr like utanfor Måløy er Sølvi Helen Hopland Aemmer fyrvoktar og vertinne. Første helga i desember innbyr ho til livsmeistringshelg, ei helg med jakt på livsglede kor du kan få tøme sekken du ber på å kvile og få ny inspirasjon. Sjølv vil ho vere helgelos og gjennom song, musikk og undervisning dele av si livserfaring med dei som kjem.