Te’ena ben Haim har håp om ei rolegare tid i politikken i Israel etter valet som nett er over. Samstundes er ho spent på kor mykje dei  ytterliggåande partia som no støttar Benjamin Netanyao vil påverke politikken i landet. Ektemannen Seth er inne til sin årlege militærteneste, noko som også gjer at han må delta i skarpe militæraksjonar. I denne episoden av Nytt frå Jerusalem får vi også høyre korleis det var for Te’ena og familien da ektemannen så vidt overlevde eit terrorangrep mot militæravdelinga han tenestegjorde i for nokre år sidan.