-Eg trur tv-aksjonen treff noko som rører ved absolutt alle. Det å kjenne seg utanfor trur eg alle har følt på eit eller anna tidspunkt. Eg gler meg til å sjå Norge samle seg om denne bodskapen, fortel Anne Karin Zeitz, virksomhetsleiar i bymisjonssenteret i Ålesund.

Anne Karin Zeitz, virksomhetsleiar i Kirkens Bymisjon Ålesund.

-Vi får muligheit til å påvirke haldningane i samfunnet vårt, haldningane som handlar om korleis vi ser på kvarandre, legg Zeitz til.

Det er eit viktig tema står på agendaen for Kirkens Bymisjon under årets tv-aksjon 21.oktober. Mindre aleine saman er tema, og som er like viktig i alle miljø i dagens samfunn.

I Ålesund sentrum står det eit oransje bord som skal vere eit symbol på ein møtestad mellom menneske. Her oppfordrar Anne Karin Zeitz, virksomhetsleiar i bymisjonssenteret i Ålesund, til at ein kan møtast og vere saman.

Høyr intervjuet HER.