Mju er ei vokalgruppe frå Volda som i 2019 gav ut si fyrste plate på streamingtenestene. Det var ei juleplate, med tradisjonelle julesongar som har fått nye arrangement for gruppa Mju. Gruppa består av fire personar, Gaute Øvereng (bass), Irene Åbrekk Kalvatn (sopran), Anne Marta Vinsrygg Vadstein (alt) og Svein Ola Lillestøl (tenor). Dei siste åra, også i år, har dei spelt inn nye songar og den siste heiter Tru, håp og gleder. Gruppa syng bevisst på nynorsk og tekstane handlar om livet.

Vi har tatt ein prat med Svein Ola Lillestøl for å høyre meir.