Møre ungdomsskule Giske har sendt søknaden om godkjenning for skuleetablering til Utdanningsdirektoratet. Dei ventar svar på søknaden innan eitt år, og har med det fokus på oppstart hausten 2023.

Eit styre for skulen vart stifta 12. januar 2022 og består av Håkon Pettersen, Trine Molnes Hestetun, Karoline Sundgot Trøen og Ingrid Kvam Steinshamn. På skulen si eiga heimeside står det at dei neste månadane vil det gjerast avklaringar og gode prosessar med tanke på skulehus og lokasjon, i tillegg til å starte førebuing av alle detaljar og innhald som må på plass i samband med ei skuleetablering. Det kan også allereie no søkast om plass på skulen til hausten 2023.

Vi har tatt ein prat med styreleiar og prosjektansvarleg, Ingrid Kvam Steinshamn.