Situasjonen i Afghanistan har endra seg dramatisk etter at Taliban igjen har kome til makta. No går soldatane til Taliban frå dør til dør og leitar etter kristne. Kristne må brenne bøkene sine og slette alt på mobilen som har med kristen tru å gjere, dersom dei skal ha ein sjanse til å overleve. Situasjonen i landet er svært vanskeleg, og for dei som trur på Jesus er det kritisk og livsfarleg. Seniorkonsulent i Åpne Dører, Stig Magne Heitmann følgjer situasjonen i landet, og midt i alt trur han på ei framtidig kristen vekkjing.