Engang i himmelen er tittelen på den nye CD-plata som ekteparet Ingunn og Alv Magnus Tysse gjev ut i slutten av november. Ekteparet frå Nord-Hordaland er godt kjent som songarar fleire stader i landet, og dei har gjeve ut fleire plater tidlegare. Vi har snakka med Alv Magnus Tysse om korleis det er å gå i studio igjen når det er 17 år sidan forrige gong.