Frå 1. september startar Asle Steinbru som ny leiar for IMF (Indremisjonsforbundet) Ung. Han har dei siste åra vore styreleiar for IMF Ung og vore med i prosessen å tilsette ny leiar etter at Andreas Evensen gav beskjed om at han skal starte som rektor ved Bildøy bibelskule. Steinbru kjem frå ei stilling som ungdomleiar i Den norske kirke, og kjenner arbeidet til IMF Ung svært godt gjennom vervet i Barne -og ungdomsnemda. 

Steinbru fortel at han er svært takksam for moglegheita å leie IMF Ung vidare, og han har eit ynskje om å vere med å bygge vidare på visjonane og strategiane styret har satt for arbeidet framover.