Frå 1. august 2021 trer Øystein Engås inn som rektor ved Møre barne- og ungdomsskule Ålesund. I fem år har Engås vore lærar ved skulen, tidlegare leiar for NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) Norge, forsamlingsleiar i Misjonssalen Ålesund og han har vore misjonær i Bolivia for same organisasjon. 

-Eg er audmjuk over å skulle leie denne skulen, det er ein stor jobb. Det er krevjande i våre dager der det er mange krav frå myndigheitene. Men eg har sjølv hatt tre jenter som har gått der og ser verdien av skulen, og ser det kan bety noko stort både for elevane og foreldra, seier Engås til Radio Sunnmøre om den nye jobben som rektor ved Møre barne- og ungdomsskule Ålesund.