Barnevakten har på sine heimesider over hundre tema innan nettvett, samla på ei side, som foreldre kan sjå nærmare på. Det kan vere lurt å lese seg opp før det skjer noko kritisk og slik at ein kan førebyggje og ikkje kome halsande etter problema. I vekas prat med fagleg leiar i Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen, høyrer vi meir om desse artiklane og kva Barnevakten er oppteken av.