Eit kajakk-kurs, ein hotellweekend i Geiranger, eller rett og slett ein elektrikar på besøk nokre timar, det er nokre av gevinstane i årets Radiolotteri på Radio Sunnmøre.

Frå 1. juni til 14. september vert det selt lodd i årets Radiolotteri på Radio Sunnmøre. Enormt flotte gevinstar, aktive og kreative, og DU kan bli den heldige vinnaren. Det aller beste er at ved å kjøpe lodd i årets lotteri, så er du med å støtte Radio Sunnmøre sitt viktige radioarbeid som når mange tusen lyttarar kvar veke. Sjekk ut gevinstlista og støtt Radio Sunnmøre!

For å kjøpe lodd kan du vippse til 72582, skriv lodd og ditt telefonnummer, og vi skriv deg opp på loddark i studio. 20 kr per lodd/500 kr per loddark.

Det er og mogleg å sende oss ein epost til post@radiosunnmore.no, og du kan få tilsendt kontonummer på mail eller giro.

Tusen hjarteleg takk for varme og støtte!