Kvar haust gjennomfører Åpne Dører fakkeltog over heile landet for å sette fokus på dei som vert forfulgte for si tru rundt om verda. No er tre av fire tog i Møre og Romsdal gjennomført, og vi har hatt besøk av Helge Åkernes og Linda Askeland i studio for å få vite meir om korleis det har gått. Frammøtet har vore godt både i Fosnavåg, Ålesund og Molde. I Molde måtte toget gjennomførast på ein litt anna måte enn det som var planen på grunn av tilreisande fotball-supportera frå Sverige, men den utfordringa gjekk det greit å løyse. Rundt om i verda betyr det mykje for mange kristne å få sjå og høyre via internett at norske kristne går i fakkeltog for å vise solidaritet med dei.