Fullt hus og god stemning under årets radiomesse i Borghallen.

Det vart rekordresultat under årets Radiomesse i Borghallen. Kjempegod stemning og fullt hus heile dagen. Lefsene gjekk etter ti minutt, og loddsal og matsal gjekk unna.

Fantastisk

-Dette er heilt fantastisk og svært oppmuntrande for vidare drift av Radio Sunnmøre, seier ein svært nøgd dagleg leiar, Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.

Nær 90 frivillige har vore med å bidrege for å få til denne radiomessa, noko som er svært unikt.

-Det som er så fantastisk med Radio Sunnmøre, er at radioarbeidet bind saman folk uavhengig av organisasjon eller menighetstilknytning. Det kjem folk på messa som er glade i radioen, og dei som bidreg til messa er frivillige som brenn for dette arbeidet. Dette set vi umåteleg stor pris på, legg dagleg leiar til.

Rekordresultat

Eit rekordresultat på 146 000 kroner er foreløbig resultat etter opptelling. Det er rekord på radiomessa for Radio Sunnmøre.

Lefser, julekaker, handarbeid og hummer var nokre av trekkplastra i år. I tillegg opna Giske barnekor med flott song, og avslutningsvis fekk vi song av Rune Ludvigsen, KorHerrleg og ord til ettertanke av Arild Ove Halås.

-Tusen takk til alle som har bidrege for å få dette til, avsluttar dagleg leiar, Vartdal Espelund.

Høyr intervju med nokre av dei engasjerte under messa HER.