Margunn Serigstad Dahle er førstelektor ved NLA

Margunn Serigstad Dahle er førstelektor ved NLA, og ein av reiseleiarane på turen 8. -12. september med Radio Sunnmøre til Oxford og London, I C. S. Lewis sine fotspor.

– Det unike med denne turen er reisemålet og innpakninga. Det er ingen andre turar som liknar på denne, der ein går eit steg inn i vår samtid sine spørsmål og innsigelsar til korleis kristen tru kan vere truverdig og relevant i vår tid. Og korleis ein då kan knytte det opp til ein forfattar som betyr så mykje i vår tid, og som strevde med dette i si samtid, og at dei svara han gir i sine bøker er relevante for oss nå, fortel Margunn Serigstad Dahle om turen I C. S. Lewis sine fotspor i Oxford.

Tur med Radio Sunnmøre

På Radio Sunnmøre sin hausttur går turen til Oxford og London, og I C. S. Lewis sine fotspor, 8. -12. september. Trusforsvar er like relevant i dag som då Lewis gjekk rundt i gater og på universitetet og satte sitt preg på byen og dei han møtte med sin veg til den kristne trua frå ateismen.

Margunn Serigstad Dahle og Lars Dahle er med som reiseleiarar på denne turen, og dei har god kjennskap både til Oxford og C. S. Lewis. Vi skal få på turen får omvisning på universitet der Lewis underviste, og møte personar som i dag bringer arva etter Lewis vidare.

I London skal vi få besøke All Souls Church og bli med i Hyde Park på Speakers Corner. Mykje spennande i programmet som du kan lese her. Og du kan høyre intervjuet med Margunn Serigstad Dahle her:

Turprogram Oxford-1