Rusreforma vart fredag lagt fram med nye endringar frå Regjeringa, og reforma ynskjer i hovudsak å hjelpe rusavhengige ved at dei ikkje skal straffast for si avhengigheit. Dette inneberer blant anna at ein kan ha ulike mengder med narkotiske stoff på seg utan å blir straffa for det. I andre enden betyr også dette at det ikkje er straffbart for born og unge å bruke eller ha på seg narkotiske stoff, og det blir lettare tilgjengeleg også for dei. Erik Lind, leiar for Norsk Narkotikapolitiforeining Sunnmøre, meinar at den nye reforma likestiller born og unge med tungt rusavhengige, og er svært bekymra for framtida for born og unge.

-Vi er svært bekymra over det forslaget som kom fram fredag. Vi ønskjer ei rusreform som set fokus på hjelp, og ikkje stigmatiserer tungt rusavhengige. Men det å avkriminalisere bruk og å eige for alle, det er ein alt for høg risiko å ta, og kan få alvorlege konsekvensar for samfunnet framover. Hovudproblemet med rusreforma er at ein likestiller born og unge med tungt rusavhengige, seier Erik Lind.

-Vi trur det kan bli vanskeleg for foreldre å forklare for born og unge at narkotika skal vere ulovleg men ikkje straffbart.

Politikarane må vakne

Det er framleis store doser med narkotiske stoff ein kan ha på seg utan å bli straffa for det, i det nye forslaget som vart lagt fram fredag. Til dømes kan ei dose med GHB føre til overdose for ein ungdom. I den nye reforma kan ein gå rundt med tre ulike stoff utan å bli straffa for det.

-Vi må få politikarane til å få opp augene for at dette også går utover ungdom, og at dei blir likestilt med tungt rusavhengige, seier Lind om kva som må til for at denne nye rusreforma ikkje blir som den i dag er lagt fram. I tillegg har han ei oppfordring til alle foreldre.

-Foreldre bør vere trygge vaksne personar, som bryr seg om ungdommen. Vere til stades, vere nysgjerrig på det ungdom driv med. Og så må foreldre tør å snakke saman og tør å melde frå bekymring til andre foreldre om andres born, då kan vi saman hjelpe, avsluttar Erik Lind i Norsk Narkotikapolitiforeining Sunnmøre.

Høyr heile intervjuet med Erik Lind her: