Sjøholt folkehøgskule innfører midlertidig byggjestopp på renovering av skulen. Skulebygningane vil difor ikkje vere klare til skulestart august 2020, og har fått utsetjng frå kunnskapsdepartementet til august 2021.

Styreleiar Odd Christian Stenerud seier styret er lei seg for at skulestarten må utsetjast, og beklagar i ei pressemelding ulempene dette har for alle samarbeidspartnarar. Styret beklagar også ovanfor elevar som ønskja å gå på skulen, at det ikkje blir oppstart no til hausten.

Odd Christian Stenerud, styreleiar på Sjøholt folkehøgskule.

I eit intervju med Radio Sunnmøre seier Stenerud at det er ulike faktorar som gjer at skulen no må utsetje oppstart, og at den mediestormen skulen har måtte oppleve i vinter, ikkje akkurat har vore positiv for skulen. Høyr heile intervjuet HER: