Jeovani med vener. Foto: Opendoors

Jeovani med vener. Foto: Opendoors

I Gal. 6,10 blir vi bedt om å «gjere godt mot alle, så lenge det er tid, og mest mot dei som er våre søsken i trua». I dette programmet oppmodar Olaug Lillian Bjørke deg til å gjere godt mot dine forfulgte søsken ved å sende dei ei helsing. Du får høyre om skrivekampanjen til Jeovani og venene hans. Dei kjem frå Den sentralafrikanske republikk, og opplevde å bli hardt skadde i beina under eit kirkeangrep våren 2015. Vil du sende dei ei helsing og på denne måten vise at du bryr deg? Kanskje kan du få eit barn til å lage ei teikning saman med helsinga din? Du kan også sende brev til Mercy (22), ei forfulgt søster frå Nigeria som slapp fri etter Boko Haram – fangenskap. Også ho treng oppmuntring og forbøn! For meir info om skrivekampanjene; sjå  https://www.opendoors.no