Kerysso under leiing av Sveinung Andersen held konsert fredagskvelden.

Til helga går det årlege sommartreffet til Sunnmøre Indremisjon av stabelen på Ålesund Folkehøgskule. Konsert med Kerysso og Sveinung Andersen, familiemøte og barnemøte med Jarle Waldemar, og festmøte er noko av det som står på programmet.

I tillegg skal eit par namneendringar opp i årsmøtet under årsmøteforhandlingane på laurdag føremiddag. Høyr meir om kva krinsleiar Johan Halsne og leiar for barne -og ungdomsarbeidet Randi Fagerhol Lauvås har å fortelle.