I dette programmet gir Olaug Lillian Bjørke deg eit sterkt møte med Søster Bae*, ein kirkeleiar i Nord Korea. I djupaste hemmeligheit samlast den vesle husmenigheita, bak tunge gardiner i den avsidesliggande landsbyen. Hit blei Bae og mannen forvist, då dei vart tekne med ein bibel. Her skal dei bli verande til sin siste dag, og det kan gjerne vere at det tunge jordbruksarbeidet tek livet av dei. Dei får akkurat så lite mat at det er nok til å overleve. Men, som søster Bae siterer: «Mennesket lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som kjem frå Guds munn.» Matt 4,4 Ho er full av takksemd for hjelp frå den verdsvide kyrkja, og for å kunne leve for Gud i eit land der det er forbudt å tru. «Det eg takkar mest for, er at eg får vere tenaren til min himmelske Far. Eg ønsker å vie livet mitt til hans ære, til min siste dag», seier Bae med overtyding. Nordkoreanske søsken treng forbønn. Nyleg vart ei husmenigheit, lik søster Baes, avslørt. Titalls menneske blei drepne momentant, og omlag 100 familiemedlemmar sendt i fangeleir. Dette er prisen for å følgje Jesus i Nord Korea.