I dette programmet får du høyre om ‘Stå sterk i stormen’ – ei bok og eit seminar frå Åpne Dører. Olaug Lillian Bjørke intervjuer Trond Kjartan Michaelsen, leiar for områdearbeidet i ÅD. Han har vore med på å utarbeide ein oppdatert versjon av seminaret, som snart lanserast. Målet er å utruste norske kristne til å møte motgang rotfesta på Guds ord gjennom vitnesbyrda frå forfølgde kristne. Kva vil det seie å følgje Jesus? Har vi eit rett bilete av oss sjølv, Gud og fienden? Kva betyr korset i våre liv, og er vi villige til å bere det? Dette er nokre av spørsmåla som stillast, og forfølgde søsken har viktige lærdomar å gje vidare – ikkje minst når det gjeld å jobbe med det indre når ytre omstendigheiter blir krevjande. Seminaret legg opp til tre samlingar med undervisning, refleksjon og samtale. Kontakt gjerne Åpne Dører for meir informasjon: norway@opendoors.no