Få dagar etter at nettstaden foreldrenettverket.no vart lansert var det over 20 000 unike besøkande innom sida, og dei frivillege foreldra bak nettstaden merkar stor interesse for informasjonen dei deler. Nettstaden som vart lansert 15. mai på FNs internasjonale familiedag ynskjer å vere ein ressurs for alle som meinar at ei biologisk forståing av kjønn må ligge til grunn for undervisning i skule og barnehage, og at dette er til bornas og samfunnets beste.

Peter Risholm er pappa til tre born og er ein av dei engasjerte foreldra bak nettstaden. -Eg vil gjere det eg kan for å gje mi datter same moglegheit som mine to gutar, og for å gjere det så må ein sei at berre gutar er gutar og berre jenter er jenter.

Det har vist seg at ein ofte møter sterk motbør i samfunnet idag om ein snakkar høgt om det foreldrenettverket.no ynskjer å formidle. For Risholm er det ein svært viktig grunn for at han tek til ordet for si eiga overbevisning. – Eg trur at det for meg vart meir slitsomt å ikkje skulle gjere det eg synest er viktig for mine barn, enn at andre er sure på meg for at eg ikkje gjer det som er politisk korrekt. Det blir meir smertefullt å vere stille enn å skulle sei i frå, sjølv om det kostar å sei i frå, seier Peter Risholm.

Vi har tatt ein prat med Peter Risholm, ein av initiativtakarane til nettstaden foreldrenettverket.no, om kva dette handlar om og om kvifor han engasjerer seg så sterkt i denne saka.