Anne Bente Klokk Svendsvik og Oddbjørn Brunstad. Foto: Arild Ove Halås.

Etter årets styreval under generalforsamling til Indremisjonsforbundet gjekk sykkylvingen Anne Bente Klokk Svendsvik ut, og sykkylvingen Oddbjørn Brunstad gjekk inn.

Då Klokk Svendsvik vart vald inn i styret var ho den fyrste kvinna i styret, og etter årets val er halvparten av styremedlemmane kvinner.

-Det er ikkje om og gjere å ha mest mogleg kvinner, men vi er ein organisasjon der det har vore ein tradisjon for at det er menn som sit i styret. Det er ikkje det at kvinner ikkje har evne til å styre, men vi treng litt hjelp til å våge å sitte i styre. Vi er ulike, vi tenker litt forskjellig, og derfor er det viktig å ha med begge kjønn, ulike aldre, og å ha ulik erfaringsbakgrunn. Det er viktig for at organisasjonen skal gå framover, fortel Klokk Svendsvik.