For to år sidan tok Sina Saltbones over Normisjon sin leirstad på Kvisvik på Nordmøre. No er dette blitt til The Convent, som betyr å kome saman. Staden skal vere ein plass der ein kan kome for eit avbrekk, for bøn og fellesskap om ein ynskjer det. Høyr intervjuet med Sina Saltbones som fortel meir om staden og korleis det heile vart til.