I denne episoden av vår serie «Dei forfulgte kristne» får vi høyre vitnemålet etter poeten Traian Dorz frå Romania som under kommunisttida kvar veke vart oppsøkt av Securitate (det hemmelege politiet) og slegen helselaus. «Det er så vidunderleg å lide for Kristus» var hans vitnemål. Vi har snakka med Stig Magne Heimtmann om det verkeleg er slik, at det er vidunderleg å møte motstand og liding på grunn av si kristne tru.