Enno ein gong skal folket i Israel gå til vallokala og vere med å avgjere kven som skal styre landet. Mykje av valkampen handlar om for eller imot den gamle ringreven Benjamin Netanyaho som enno ein gong prøver å gjere come-back i politikken i Israel. Dei mange småpartia ute på høgre og venstre fløy set også sitt preg på politikken i Israel. Te’ena Ben Haim i Jerusalem er spent på utfallet av valet, og dette er tema i ein ny episode i vår serie Nytt frå Jerusalem.