Alexis Lundh

– Vi har ein plikt og ein rett til å ytre vårt syn og å delta i debatten, seier Alexis Lundh, dagleg leiar i Heltfri.net. Han synest det er viktig å grave i ideologien som ligg bak organisasjonen FRI.

I det siste har han delteke i debatt på TV2 og NRK etter ein mykje lest kronikk på ytring.no. Alexis Lundh, leiar for Heltfri.net, skreiv ein kronikk på ytring.no om Pride og ideologien til FRI, som vart ein av dei mest leste kronikkane. Dette gjorde at han vart spurt om å delta i ein debatt med leiaren for FRI, Ingvill Engestad, både i TV2 og NRK.

Lundh syntes det var vanskeleg, men viktig, å delta i debatten. Høyr intervjuet med Lundh her: