Indremisjonsforbundet er i gong med ei omorganisering som handlar om kva ein skal prioritere i arbeidet. Det heile starta med unge krinsleiarar som stilte spørsmål ved prioriteringane, og no er arbeidet starta i ulike grupper rundt om i landets krinsar og forsamlingar i indremisjonen.

Generalsekretær Erik Furnes fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at denne prosessen skal halde fram til generalforsamlinga i 2023, der ein håpar at den nye kursen til Indremisjonforbundet vil kunne bli rigga for framtida.  Og etter at arbeidet er gjort håpar Furnes at organisasjonen som har levd i 150 år, skal bli endå betre. -Eg håpar organisasjonen er betre i stand til å tene dei lokale fellesskapa, og at vi har tilsette som er konkret til hjelp, med forkynning av Guds Ord, veiledning og til hjelp, seier Erik Furnes.