Ole Andreas Høyberg har vokse opp på Emblem men har budd mange år i Oslo. No har han teke familien med seg heim att til Sunnmøre. Høyberg arbeider no i Emblem bedehusforsamling men er også artist under artistnamnet Adam Cliff. Saman med fullt band er han klar til konsert på Parken Kulturhus tordsag 29. oktober kl. 2000. Med seg har han eit band av dyktige musikarar, dei fleste med lokal bakgrunn.