Det har vore ein spesiell vår. Muligheitene til å møtast ansikt til ansikt, har vore få. Mange har kjent på sakn etter sosiale møtepunkt, nokon også etter åndeleg fellesskap. For kristne i lukka land er dette kvardagen. Dei kan sjeldan møtast fysisk; men innimellom gjer dei det i mindre grupper, med den risikoen det inneber. For mange av dei er einaste muligheit å møtast digitalt. Kanskje kan kristne i den frie verda lettare identifisere seg med forfølgde søsken etter denne våren? Samtidig blir ein minna om å vere takksam for høvet til å samlast i kyrkjer og gudshus. Det er inga sjølvfølge for truande verda over. I dette programmet får du møte Islem* frå Nord Afrika. Ho er hemmeleg kristen; i hennar familie er det berre mora som veit om at ho trur på Jesus. Islem fryktar kva som vil skje dersom far får vite om løyndomen hennar. Han er ein dedikert muslim. Islem seier: «Det er vanskeleg å leve som kristen her. Men det er verdt det. Eg takkar Gud for at eg kjenner Sanninga. Eg føler meg heldig som har fått møte Jesus, men når eg ser på familien min, så får eg dårleg samvit. Eg elskar familien min, eg elskar pappa. Eg ønsker at dei også skal få bli kjent med Jesus!» I programmet får du elles høyre Solveig Leithaug synge «Di trufaste hand».