I dette programmet gir Olaug Lillian Bjørke deg eit tilbakeblikk på fjoråret i Åpne Dører. Du får lytte til vitnesbyrd, og får konkrete tal som viser korleis organisasjonen arbeider for å styrke og utruste forfølgde kristne. La deg inspirere av glimta frå arbeidet; der du blant anna får høyre om ei av dei over 1 millionar kristne som har motteke traumehjelp og familierådgivning. Ladi frå Nigeria var i fangenskap hos Boko Haram, og her vart sonen Emmanuel fødd. Ho klarte til slutt å flykte, og har fått hjelp gjennom Åpne Dørers traumearbeid. «I dag er eg fylt av glede over alt eg har fått lære, og livet mitt er heilt forvandla. Eg er veldig takksam, og vil gjerne takke brødre og søstre over heile verda for støtta dei har sendt, slik at eg fekk muligheit til å få denne hjelpa», seier Ladi. I programmet får du elles høyre Marthe Wang synge «Midt i mørket»