Astrid Hoem frå Kristiansund var 16 år og på sommarleir på Utøya 22. juli 2011. Då terroristen starta å skyte, fekk mamma Kitty Eide denne tekstmeldinga frå dottera: «Dere er verdens beste foreldre – ikke ring meg nå». Vi har snakka med Kitty om korleis denne spesielle dagen var, og tida etterpå, og om kva som er viktig for at dette ikkje skal skje igjen.