Debbie og bestemora

Påskefeiring i fiendtlege omgjevnader

Dei kristne høgtidene utgjer auka trussel for forfølgde kristne, og særleg har vi sett dette i samband med påske. I dagens program ser vi tilbake på angrep dei siste påskehøgtidene, både i Pakistan, Egypt og Sri Lanka. Du får møte Debbie (7) som mista foreldra sine i fjorårets angrep mot Zion Church. Ho veks opp hos tanta og onkelen, som mista sin einaste son i angrepet. «Våre kjære er i himmelen!», er hennar trøystande ord. Debbie er full av håp, sjølv om ho vart blind som følgje av eksplosjonen. Lars «Lisa» Anderson syng «Vi ska ses igen», og deretter tek Olaug Lillian Bjørke deg med til eit lukka land i Midtøsten. Gjennom Shirins historie får du eit innblikk i korleis det er å feire påske som hemmeleg kristen, og korleis Gud på forunderleg vis kan føre truande saman. Åpne Dører oppmodar kristne i Noreg til å be for sine forfølgde søsken denne påska; om vern og mot. God påske!