I dette programmet tek Olaug Lillian Bjørke deg med heim på besøk til 11 år gamle Rafif frå Irak. Ho bur saman med mamma og besteforeldra; og er i full sving med juleførebuingane. Særleg er det fint å ta fram julekrubba som pappa laga. Rafif har aldri møtt han; han døydde då ho låg i mammas mage. Ein dag han kom på jobb, såg han ei bombe like ved busstoppet der dei kristne studentane gjekk av. Han sprang mot bussjåføren og fekk advart han og studentane, men sjølv mista han livet. «Mange av bibelhistoriene handlar om menneske som redder andre sine liv. Då tenker eg: ‘Det er akkurat som pappa!’», fortel Rafif. Bibelundervisninga er støtta av Åpne Dører, og ho er så takksam for alt ho har fått med seg. «Det viktigaste eg har lært, er at Gud alltid er med meg. Han forlét meg aldri», seier Rafif med eit smil. Vil du besøke Rafif og familien, så kan du sjå filmen om henne her: https://vimeo.com/647210871

I programmet høyrer du elles Håvard Sveås synge sin eigen julesong: «Han kom for deg óg»