Kvifor feirar vi pinse, og korleis skal vi tenkje om Den Heilage Ande? Vi har teke ein prat med sokneprest i Giske, Benjamin Bjørnsen Anda om høgtida vi er midt inne i. Han fortel at det ikkje var tilfeldig kva dag Den Heilage Ande kom, og at det er ein samanheng mellom kristen pinse og den jødiske pinsefeiringa. Utan Den Heilage Ande hadde det ikkje vore noko kristen kykje i verda og Jesus hadde heller ikkje halde løftet han gav om at hans læresveinar ikkje skulle vera att åleine då han på Kristi himmelfartsdag drog tilbake til sin far i himmelen.