I dette programmet tek Olaug Lillian Bjørke deg med til historiske kyrkjer i Midtausten. Også her finst det levande tru, og menneske som brenn for å dele evangeliet vidare. Dei ytre rammene er annleis, og kan verke framande – med prestar i lange kjortlar, røykelse, ikon og liturgi. Åpne Dører sin leiar for regionen, Mourad, deler frå arbeidet. Det er oppmuntrande å høyre noko av det ÅD får vere med på: «Kvinner blir styrka og utrusta åndeleg, og får dei verktøya dei treng for å ta sin rette plass i menigheit og familie. Kirkeleiarar blir klar over at dersom dei skal ha eit levande menigheitsliv, må Jesus stå i sentrum. Ungdom blir disippelgjort, og søndagsskulelærarar får opplæring i kreative måtar å dele evangeliet.» I andre halvdel av programmet får du eit sterkt møte med Fader Daniel (32) frå Irak. Du får høyre korleis den unge presten opplevde at Gud stadfesta kallet hans, då IS inntok Ninivesletta i 2014. Sjølv opplevde han å måtte flykte for livet for si tru, på sin eigen 16-årsdag. I dag er Daniel i teneste for andre som opplever forfølging. «Eg håper at folket mitt kan kjenne Guds nærvær, at Gud aldri har forlete oss. Han er her framleis, saman med oss», seier Daniel med eit smil.