På ein tur til Madagaskar for nokre år sidan fekk Jan Ove Kleppe og kona Evelyn eit sterkt møte med landet og kva misjonsarbeid hadde utadretta. Dette gjorde at Kleppe fekk eit hjarte for folket i landet, og har sidan vore sterkt engasjert i evangeliedeling og kampen mot fattigdom. I mai blir Kleppe med som reiseleiar til Madagaskar for Plussreiser, og lovar at dei som blir med vil få opplevingar som vil vare livet ut.