Det er klart for årets OASE-stevne i Fredrikstad 13.-18. juli. Dagleg leiar i OASE Eivind Arnevåg lovar at i år blir det «nesten full pakke». Slik det ser ut no kan ein samle 1000 menneske i den store hallen ein har leigd i Fredrikstad. Eit allsidig og spennande program, og ikkje minst har det vore viktig for OASE å samle barna og tenåringane til fellesskap igjen.