Leif Ingvald Skaug er organist i Eidsberg-kirkene i Østfold. Han står bak Facebook-profilen Organisten kor han dagleg legg ut ein ny song. Dette har vore til stor glede for mange, og no legg han ut på juleturne rundt om i landet. Alle stader har han med seg ein lokal gjesteartist. I Møre og Romsdal besøker han Borgund kyrkje (29.11.), Røbekk kirke i Molde (30.11.) og Stordal kyrkje (1.12.). Vi tok ein prat med Organisten mens han satt på Flesland og venta på fly til Ålesund.