Enno ein gong er det klart for sang- og musikkhelg på Thon Hotell Fosnavåg. Siste helga i august kan du sjå og høyre songarer og musikarar frå både inn og utland gjennom tre dagar med konsertar. Emilia Lindberg kjem frå Sverige og frå Færøyane Eydunn Jacobsen og Svein i Prestegardi. I tillegg kjem fleire norske songarar samt mange gode lokale songkrefter. Krinsleiar i ImF Sunnmøre, Johan Halsne er stevneleiar og her kan du høyre ha fortelje om dei siste detaljane som skal på plass. Alle hotellrom er utselde, men konsertane er åpne (gratis) for alle så langt det er plass i konsertsalen.