Denne hausten vil Stig Magne Heitmann bruke mykje tid på å undervise om det som er Jesus sin mest kjende tale, det som vert kalla bergpreika. Dette er ord som kan ha stor betydning for dei som vil vere Jesu disiplar også i 2022, og det er ord som gjev trøyst og oppmuntring for menneske som opplever å bli forfulgt for si tru. Dette er tema i haustens første samtale med Stig Magne Heitmann i serien Dei forfulgte kristne.